Realskule på Lindås



Andre året flytte eg til Lindås for å gå på realskulen der. Det vart sett opp skulerute mellom Leiknes og  xx, og dermed kunne me bu heime. Eit stort framskritt , tykte me, der me gjekk ein halv time for å nå drosjen som gjekk 7 frå  Blindtarmen, og  snodde seg gjennom Hjelmås, Fyllingen, Vaet og fram til xx, der me fylgde vanleg skulerute resten.  Me var 6-7 stykke, og hadde ein fin tur . Men det tok lang tid på vinteren, så det var vel det året eg hadde mest fråvær på grunn av lang skuleveg og tidleg opp.
Me hadde vanlege fag, som matte, norsk , tysk og engelsk. Eg hugsar ikkje så mykje frå timane, så dei gjekk sin vante gang, reknar eg med.
 Eg kom opp i tysk munnleg, og hugsar at etter eg hadde lese og omsett stykket, så skulle vi prate. Eg sette i gang med ein hovudsetning og undersetning, og som kjent er det skifte av verbplasseringa i undersetninga, så hadde dermed prova at tyskkunskapane var på topp. «Takk,» sa sensor, og det var det.
Rektor hadde instruert klassa førre år i  eit av Holberg sine stykke, og det var det framsyning i på hausten. Ei stor happening, der me reiste frå Leiknes for å vere med på, og overnatta hjå medelevar. Eg trur ikkje eg hadde fått tildelt noka rolle, sidan eg starta så seint, men hjelpte til med påkledning og scene.
Det var ein del resonnerande oppgåver også dette året. Ein av medelevane fann eit stykke i Det Beste som han meinte høvde til oppgåva. Han omsette det til nynorsk og leverte inn. Syslak las også Det  Beste, så han kjende att innhaldet, men eleven fekk T- fordi det var ei god omsetjing.
Vi var russ, grønruss, og reiste rundt og vekte lærarane, lagde plakatar, og gav dei gåver ut frå ting dei hadde sagt som vi beit oss merke i. Holmås fekk hardkokte egg fordi han stadig snakka om hardkokte speilegg.  Vi var til frukost i prestegarden, fordi ein av kullingane var son til presten. Hugsar eg vart så imponert over dei store stovene der.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar