Storskulen 1



      Ikkje heilt ulik, men mangla lærarrommet på høgre sida

Storskulen var for dei frå 4-7. klasse.
Den  var i  ei lita stove frå 30-tallet, med gang, loft, stove og lærarkammers.
Stua hadde eit tjuetals pultar , og dei første var av tre med samanfelt bord og stol, med bokhylle under bordet og plass til blekkhus oppå.  Stor tavle over heile framenden av rommet , eit stort gamaldags orgel og omn på langsida ved sidan av døra. Vindauga gjekk frå 50 cm over golvet og til taket, med små ruter.
Jentene sat for seg, og gutane for seg.
Faga var lesing, skriving, rekning, bibelhistorie og katekisme, landkunne, historie, naturfag og song.  Første time var alltid kristendom,  med song, framføring av pugga salmevers, bibelsoga etter sist og gjennomgang av ny lekse. Vi avslutta med salme.
Så var det rekning, eit anna viktig fag. Vi pugga gangetabellen, og rekna ganging og deling i minst to år, før me vart slept til holmål og areal, og noko som heitte praktisk rekning. X-ar og y-ar måtte vente til framhaldskule og realskule. Hovudrekning var viktig, og avslutta ofte ei økt. Vi sat på bordet på pulten, og fylgde med mens læraren plussa og minussa og ganga og delte seg gjennom reknestykket. Den som fekk rett, fekk gå ut til friminutt, og resten fekk eit nytt reknestykke, til alle hadde klart eit stykke. Det var dei same som fekk seint friminutt heile tida, så vi var vel informert om kvar vi stod på reknerangstigen.
Diktat og attforteljing var og metodar som var brukt, og resultata vart retta og feila gjennomgått på tavla. Me fekk poeng.  Poenga måtte vi sei høgt, og læraren førde dei inn i  ei bok. Stilar skulle skrivast heime, og oppgåvene var forteljande. Eg lika å skrive overdrivingar om kva som skjedde, så når lyset var vekke heime hos oss, som ei av oppgåvene heitte, så var det ikkje grenser for ulykker mørket medførte for familien, vi ramla gjennom trappene med kolbitar over oss, og fann ikkje fyrstikkene før lyset kom att.
Vi hadde dei to siste åra eigen grammatikktime, og teikna kommodar med ordklassar og analyserte hovud- og undersetningar oppad stolpar og nedad vegger. Men det var til stor hjelp når engelsk, tysk og fransk skulle lærast inn.
Skjønnskrift heldt fram, og rundingar vart vakrare og vakrare for dei fleste av oss, og blekkflekkene mindre. Vi passa på som smedar å bruke trekkpapir, fekk nye pennesplittar og reint blekk. Det var forsmedeleg å få ein minus på orden på grunn av blekkflekkar!Ein medelev forsøkte forresten å få ureinheit opp frå blekkhuset med tunga, sette den fast og måtte ha hjelp til å kome laus frå blekkhust.» Det skal du bli blå for» , fekk ei ny meining etter det.
I landkunna stod det om ulike land, frå Europa og utover. Læraren drog ned store kart, og peika og viste. Av og til hadde me konkurransar der me skulle finne byar, fjell og elvar på kartet. Eg hugsar at eg ikkje kunne finne Ob, og det vart til lått for dei flinkaste.
I naturfag  gjekk vi ut på vårparten, plukka blomar, og læraren fortalde namna og familiane på plantane, og så skulle vi hugse namna til slutt. Ein spanande måte å lære på, og morosame turar. Av og til kombinerte vi turane med ein badetur til Piparvatnet, og fekk oss ein dukkert.  Ikkje særleg stor plass for dei som ikkje kunne symje, men det lærde vi oss ganske fort. Ein skulle jo symje i dei dagar.
Piparvatnet var og  målet for nokre skeiseturar om vinteren, men elles var det helst skigåing og skreiing  som var uteaktivitetane om vinteren, med litt ekstra lange friminutt når alle hadde det morosamt. Det var inga klokke, så læraren ropte inn, og det hende vi bad oss til lengre friminutt når leiken var på det likaste. Når det høvde slik, kunne friminutta vare lenge.
Framhald       

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar